|
Midtre
Nordfjord Hesteskoklubb inviterer alle hesteskokastarar
til hesteskokasting på Nordfjordeid søndag 3. juli.
Stemnet er årets Mino-Cup, og er eit regionalt
norgescupstemne.
Stemnet
blir arrangert på Grusbana bak Valhall.
I
sesongen 2003 blei det sett opp vandrepokal i Klasse 1.
Denne vart vunnen av Signar Fauske i 2003 og Inge
Byrkjeland i 2004. I fjor blei det sett opp vandrepokal
også i dameklassa. Denne vart vunne av Synnøve
Fagerstrand. Ettersom det ikkje er dameklasse i år vil
den dama som plasserer seg høgast på resultatlista
vinne vandrepokalen. Vandrepokalane må vinnast tre
gongar av same person, før ein får dei til odel og
eige.
Start:
kl. 13.00.
Klasser: Klasse 1 og Klasse 2.
Klassar
kan bli slått saman ved lita deltaking.
Startkontingent.:
Klasse
1 kr. 125,- og Klasse 2 kr. 50,-
Avvikling:
Stemnet blir avvikla med innleiande kasting etter
Gloppenmetoden. Deretter vert det avsluttande cupkasting.
Påmelding:
Innan fredag 1. juli til Stig Høynes, Tlf 57 86 24 23/
Mobil 91 16 28 06
E-post:
s.hoynes@frisurf.no
Etterpåmelding
på stemneplassen og henting av startnummer seinast 30
minutt før stemnestart.
Det
blir kiosk på stemneplassen.
Velkommen
|